Hyttefeltet ligg langs hovudvegen mellom Sauda og Vanvik, på austsida av Saudafjorden. Feltet ligg i eit roleg område mellom fleire vatn og fjelltoppar, som er populære turmål heile året.
Planområdet er ein større landbrukseigedom som strekk seg sørover rundt eksisterande hyttefelt, vest for fylkesvegen ned mot Saudafjorden. Planområdet ligg i randsona av det større friluftslivsområdet Saudafjella, som strekk seg i eit stor areal og grensar til Etnefjella og Dyrskardhei og som strekk seg på både vest- og austsida av Saudafjorden.
Sørleg del av planområdet er frå før regulert i eldre reguleringsplan for eksisterande hyttefelt i Maldal. Det er ikkje etablert offentlege eller felles anlegg for vatn og avlaup innanfor eller i nærleiken av planområdet i dag. Eksisterande fritidsbustadar har private anlegg. Planen opnar for bygging av 50 fritidsbustader med vegtilkomst og straum, i tillegg til nokre felles parkeringsplassar og område for jord- og skogbruk merka med spesialområde for friluft.
I dag er det oppført 36 fritidsbustader innanfor reguleringsplanen sine grenser, og totalt 44 tomter er frådelte. Planforslaget opnar for at det kan oppførast 37 nye fritidsbustadar rundt høgdedraget Stakkås, med tilhøyrande tilkomstvegar, leikeplass, VA-anlegg og felles energianlegg, evt. straumtilførsel.