Skigåere med Reinsnuten i bakgrunn.

Maldal

  • 7 km frå Sauda sentrum
  • 9 min med bil
  • ca 350 m.o.h.

Hytteområdet er brukt til toppturar med Reinsnuten (1167 moh) som den mest populære. Ein kan gå på stiar gjennom skogkledde lier eller på nyare traktorveg til meir ope høgfjellsterreng ved Reinsvatnet. Stiar er merka om sommaren og skiløyper blir køyrt med scooter og sporkall om vinteren.

Tre stølar ligg på rekke og rad rundt Maldal. Turane til desse går i vekslande terreng og vegetasjon, med start frå hovudveg mot Vanvik. Ved Vetrhus og Mollastølen er det tufter etter stølshytter, mens på Tveitstølen står det framleis hytter intakt.

Ved hyttefelta, nede ved vatnet, er det tilrettelagt med gapahuk og fine bademoglegheiter med flytebrygge. Det finst også fleire badevatn med fiskemoglegheiter i området.

Vegen frå Sauda som ender i Vanvik i Suldal kommune, blir ofte brukt av syklistar og mosjonistar, sidan den byr på motbakkar og kupert terreng med mindre trafikk samanlikna med gjennomfartsvegane.

No items found.

Hyttefelt i

Maldal

Illustrasjion av hyttefelt i natur

Stakkås hyttefelt

Stakkås hyttefelt ligg i hytteområdet Maldal, på austsida langs Saudafjorden.
Les meir om hyttefeltet

Fritidsbustad i

Maldal

No items found.

Andre hytteområde

Våre lokale samarbeidspartnarar