Benk og bord i tre i natur
Foto: Oddvar Årthun

Herheimsdalen

  • 10,8 km og 19 min med bil frå Sauda sentrum
  • Nær plassering til løypenett heile året

Hyttetomtene ligg i naturfine omgjevnadar, med panoramautsikt mot Sauda-fjella og flotte solforhold frå tidleg morgon til seint på kveld. Området er eit etablert hytteområde med flott naturterreng sommar og vinter, og eit rikt utval av turløyper i alle retningar. Her kan du spenne på deg skia rett utanfor døra.

Herheimsdalen er eit attraktivt turområde. Herifrå har ein mange moglegheiter mot Austerheimsdalen, Åbødalen og Herheimsdalen – og ein kan bade og fiske i fjellvatna.

Om vinteren blir det køyrt løype innover Herheimsdalen og mot Austerheimsdalen, og derifrå kan ein gå Fjellrennsløypa over til Buer via Moringdalen og ned til Åbødalen.

No items found.

Hyttefelt i

Herheimsdalen

Vann og hyttefelt

Herheimsdalen hyttefelt

Feltet i Herheimsdalen ligg omlag 10 km frå sentrum i Sauda på 500 m.o.h.
Les meir om hyttefeltet

Fritidsbustad i

Herheimsdalen

No items found.

Andre hytteområde

Våre lokale samarbeidspartnarar