Dronefoto av skisenter

Sauda Skisenter Svandalen

  • 7,7 km og 12 min køyring frå Sauda sentrum
  • Rogaland sitt største skisenter
  • Fleire hyttefelt med godt opparbeida fasilitetar
  • Aktivitetstilbod heile året

Svandalen er mest kjent for Sauda skisenter, som er utgangspunkt for dei fleste friluftsaktivitetane i området, både sommar og vinter. Om vinteren er det mange som nyttar bakkane i skisenteret. Andre tar trekket opp til preparerte turskiløyper, eller gir seg seg ut på topptur med ski eller splitboard. 

I sommarhalvåret er det to godt tilrettelagde toppturar i Svandalen, Ramnafjell og Hustveitsåta, som startar ved skisenteret. I området kan du oppleve stille fiskevatn, brusande elvar og storslått natur med utsikt heilt ned til Saudafjorden.

I skisenteret er det også frisbeegolf og sykkelløyper som ein kan bruke i sommarhalvåret.

Området er ideelt for aktive og sportsglade i alle aldrar.

No items found.

Hyttefelt i

Sauda Skisenter Svandalen

Utsikt mot skisenter fra hyttefelt

Svandalen fjellgrend

Feltet ligg i Svandalen med gangavstand til Sauda skisenter. Her får du utsikt til både fjord og skibakken, med mange fine turmål og aktivitetstilbod sommar og vinter rett utanfor døra.
Les meir om hyttefeltet

Fritidsbustad i

Sauda Skisenter Svandalen

Gruppe mennesker på snø foran Svandalen Lodge

Svandalen Lodge

Bestill, slapp av og la oss ta oss av det praktiske.

Les meir om fritidsbustaden

Andre hytteområde

Våre lokale samarbeidspartnarar