Fossefallet Brudesløret
Brudesløret. Foto: Per Inge Fjellheim

Honganvik

  • 10 km og 12 min med bil til Sauda sentrum
  • Langs fylkesveg 520
  • 11 km og 13 min med bil til Sauda skisenter
  • 1 t 20 min frå Haugesund
  • 2 t 10 min frå Stavanger

Honganvik er eit attraktivt hytteområdefor dei som ynskjer fritidsbustad rett ved fjorden, med kort veg til både høgfjellet og Sauda sentrum. Frå Honganvik er det utsikt til fjord og fjell, og ikkje minst til fossefallet Brudesløret, som buldrar ned fjellsida.

For den som vil stå eller gå på ski, er Sauda skisenter og andre skiområde berre ein kort køyretur unna. Nærliggande turområde ved Saudafjorden er dessutan tilgjengelege både vinter- og sommartid. For dei som likar å sykle, finst treningsmoglegheiter både for aktive syklistar og mosjonistar på hovudvegen mellom Ropeid og Honganvik.

Hustveitsåta, den høgaste nuten i området med sine 1187 meter over havet, kan erobrast både sommar og vinter.

Nær Honganvik ligg dessutan den historiske Jonegarden på Hustveit, som er eit spanande kultur-, og naturområde. Svandalsfossen, som er del av Nasjonal turistveg Ryfylke, må opplevast.

No items found.

Hyttefelt i

Honganvik

Hyttefelt ved fjord

Honganvik hyttefelt

Hyttefeltet ligg langs Fv. 520, 5–10 min. med bil frå Saudasjøen og Sauda. Her får du tomt tett på fjorden, med utsikt til fjord, fjell og fossefall.
Les meir om hyttefeltet

Fritidsbustad i

Honganvik

No items found.

Andre hytteområde

Våre lokale samarbeidspartnarar