Skigåer i løype mellom trær
Foto: Per Inge Fjellheim

Nordstøldalen

  • 7 km og 15 min med bil frå Sauda sentrum
  • Turløyper
  • Sauda sin mest kjente nut, Hovlandsnuten
  • Nærleik til aktivitetsområda Rødstjødna

Nordstøldalen er eit nydeleg område med panoramautsikt over Saudafjorden.

Når det ikkje er skiturar og aktivitetar om vinteren som står på programmet, kan ein følgje norrøne spor til Hovlandsnuten og spektakulær fjordutsikt. Med sti som er bygd av sherpaer frå Nepal, Eventyrskogen og ei flott, open hytte på toppen, er denne nuten eit populært turmål i Sauda.

På andre sida av dalen ligg Brekkestølsnuten med DNT-merka tur til Storevassbu. Her kan du oppleve fossande elv, grønkledde fjellsider og flotte bergområde på veg mot toppen.

Området byr i tillegg på gapahuk, som er tilrettelagt med badekulp. Det finst fleire andre bademoglegheiter i elva som slynger seg innover i dalen.

På veg opp til Nordstøldalen, kan ein stoppe innom området rundt Rødstjødna. Her ligg Sauda golfbane, og ein drivingrange som er open for alle. I nærleiken finst også Tinghaug, med Annas kafé på søndagar i sommarhalvåret.

Ein kan gå ein relativt kort tur til Dagsturhytta som opna i 2024, eller vidare til Fløgstadåsen, der mange stadsnamnog historier frå Sauda har kjelda si. Det finst også bade- og fiskemoglegheiter i Rødstjødna – og når forholda tillèt, er det eit populært skøytevatn.

No items found.

Hyttefelt i

Nordstøldalen

Vei innover Norstøldalen

Nordstøldalen hyttefelt

Feltet i Nordstøldalen gir nær tilgang til skiløyper og mange turdestinasjonar.
Les meir om hyttefeltet

Fritidsbustad i

Nordstøldalen

No items found.

Andre hytteområde

Våre lokale samarbeidspartnarar